Reinert Svanberg står på sjetteplass på Stord Frp si liste. Han er spent på om han får plass i kommunestyret.
Reinert Svanberg står på sjetteplass på Stord Frp si liste. Han er spent på om han får plass i kommunestyret. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sunnhordland følgjer valet – få full oversikt her!

Få med deg siste nytt frå kommunevalet.

Har du ikkje tilgang? Prøv Sunnhordland i5 veker for berre 5 kroner her!

Klokka 01.14: Harald Rydland og KrF vart klare valvinnarar i Fitjar.

– Eg kjenner litt skrekkblanda fryd, seier han.

Lesheile saka her.

Klokka 01.11: Stord SV sit att med halvert parti etter valet. 

– Ein del av røystene går til Raudt. Det jo negativt for oss, men likevel bra at ein får inn ein representant frå venstresida, seier Nils Magne Blålid.

Lesheile saka her.

Klokka 01.06: Koalisjonen på Stord gjekkrett inn i forhandlingar.

Klokka 00.32: Alle hadde nøkkel til rådhuset, men ikkje Raudt. Rose Maiken Flatmo var ikkjetil stades i det gode selskap ...

Klokka 00.12: KrF er den store valvinnaren i Fitjar. Aukar til seks mandat.Les meir her!

Klokka 00.08: Stord KrF er skuffa etter at dei mista eitt mandat i kommunestyret. No held dei døra ope for ulike samarbeid,også overfor valvinnar Frp.

Klokka 23.29: Alle røystene er klar på Stord. Frp og Senterpartiet har størst auke.Arbeidarpartiet held stand.

Klokka 23.14:

Sjå intervju med ordførarkandidatane på Stord etter at alle røystene frå valkrinsane er talt opp:

Klokka 23.12:

– Det har vore oppturar og nedturar i heile dag. Eg er forferdeleg spent, seier Sigurd Andre Maraas, Frp sin ordførarkandidat i Fitjar. No ventarhan på det endelege resultatet.

Klokka 23.05:

Sjå intervju med Jakob Bjelland (Sp) og Geir Angeltveit (V) frå Stord rådhus.

Klokka 22.51:

Frp fossar fram i Sagvåg. Hanka inn 30,8 prosent av røystene.Les meir.

Klokka 22.26:

Slik erførehandsrøystene i Fitjar.

Klokka 22.16:

Få stemningsrapport frå valvaka til Stord Frp - partiet som gjer eit byks på den første prognosen.Les sak her.

Klokka 22.04:

God stemning på puben. Arbeidarpartiet held stand. Fåstemningsrapport frå Osvald her.

Klokka 21.54:

Eivind Horneland og Henny Førland Berger er i full gang medteljinga av røystesetlar i Stord kulturhus.

Klokka 21.44:

Eivind Økland (26) og Kenneth Skålevik (24) var blant dei alle siste som fekkrøysta i kulturhuset på Leirvik.

Klokka 21.19:

Direkte inne frå Stord Frp si valvake på Den blå time:

Klokka 21.12:

Førehandsrøystene er talte: Frp med stor framgang på Stord. Ap stuper på Bømlo.Sjå oversikt her!

Klokka 21.00:

Direkte inne frå Stord Arbeidarparti si valvake:

Klokka 20.43:

SV og Raud har valvake saman på Sjøhuset.

– Eg tenkjer at me faktisk kunne ha gått saman om ei fellesliste,seier Hilde Hildal Hauglid.

Klokka 20.32:

Desse sakene er viktigast for fitjarbuaneme trefte i vallokalet i dag.

Klokka 20.09:

Vincent Eye Færavaag (79) er på veg inn i vallokalet. Men han har enno ikkje heiltbestemt seg for kven som får hans røyst.

Klokka 19.53:

Maria Prestbø (18) og Elin Heggøy (18) frå Fitjar brukte røysteretten sin for alle første gong.– No har me gjort noko bra!

Klokka 19.44:

I Marokko røysta han aldri, men Farid El-Mardi stolar påpolitikarane og systemet her i Norge.

Klokka 19.29:

Ingen kø på Huglo: På det meste var det fem personar innom samstundes. Fåstemningsrapport frå øya her!

Klokka 18.57:

Øyvind Kyvik kan ikkje lova trerettars for dei som kjem på valvaka til Høgre i kveld. Lokallaget har rett og slettbrukt opp valkampbudsjettet.

Klokka 18.39:

I 17-tida bygde køen seg opp ved røystelokalet i Stord kulturhus. Sju røysteavlukke klarer ikkje åhandtera straumen av veljarar.

Klokka 17.39:

Tre ordførarar skal erstattast uansett valresultat. Innbyggjarane i Fitjar, Bømlo og Kvinnherader ekstra spente i kveld.

Klokka 12.27:

Talet over dei som har førehandsrøysta i Stord kommune er ifølgjevalgeneral Marit Anne Åkra 3.150.

Klokka 21 i kveld kjem svaret på kva om lag 23 prosent av Stord sine veljarar har røysta.

Klokka 11.19:

Jan Bøe var ein av dei første som møtte fram for å røysta ved årets val i Stord kulturhus.

– Eg har røysta kvar gong sidan 1960. Ogeg meiner det er ei plikt, seier 78-åringen.

Klokka 10.25:

Anette Sydnes Salomonsen (32) leverte ungane på skulen, og drog direkte tilrøystelokalet i Solidhuset.