Sunnhordland tek imot her prisen for årets lokalavis i Europa, under European Newspaper Award i Wien denne veka. Frå venstre Norbert Küpper (juryleiar), ansvarleg redaktør Magne Kydland, leiar for grafisk avdeling, Mari-Anne Korsvik, nyheitsleiar Hilde Vormedal Nybø, grafikar Lena Herland Eide og arrangør Johann Oberauer.
Sunnhordland tek imot her prisen for årets lokalavis i Europa, under European Newspaper Award i Wien denne veka. Frå venstre Norbert Küpper (juryleiar), ansvarleg redaktør Magne Kydland, leiar for grafisk avdeling, Mari-Anne Korsvik, nyheitsleiar Hilde Vormedal Nybø, grafikar Lena Herland Eide og arrangør Johann Oberauer. Foto: LUDWIG SHEDL / APA-FOTOSERVICE

Sunnhordland henta gjæv pris i Wien

Mediehuset Sunnhordland tok offisielt i mot den europeiske avisprisen i Wien.

Måndag var ein delegasjon frå Mediehuset Sunnhordland på plass i Wien for å ta imot prisen som årets lokalavis i Europa.

– Det var utruleg stas å vera i vakre Wien, og få med seg mediekonferansen i det flotte rådhuset, seier Sunnhordland-redaktør Magne Kydland.

Saman med over 500 mediefolk frå heile Europa var Sunnhordland på plass i det erværdige rådhuset frå 1800-talet. Her gjekk foredraga for seg på tysk og engelsk, med omsetjingar til både engelsk, tysk og russisk.

– Sjølv var eg på scenen og presenterte Sunnhordland, med vakre bilete og film frå Stord og Sunnhordland, noko som slo svært godt an, seier Kydland.

– Folk var imponerte over kva me får til med ein såpass liten stab, og det var svært mange som kom bort med skryt og gratulasjonar. Dette var moro, seier redaktøren, som også måtte stilla opp i ei rekkje intervju etterpå.

Ansvarleg redaktør Magne Kydland i Mediehuset Sunnhordland fortalde dei over 500 deltakarane frå heile Europa om korleis ein lagar lokalavis på Vestlandet.
Ansvarleg redaktør Magne Kydland i Mediehuset Sunnhordland fortalde dei over 500 deltakarane frå heile Europa om korleis ein lagar lokalavis på Vestlandet. Foto: LUDWIG SHEDL / APA-FOTOSERVICE

Bakgrunn: Sunnhordland er årets lokalavis – i Europa!

Årets European Newspaper Award var den 20. i rekkja, og i juryen sit 16 medlemmer frå åtte ulike land. Hovudtema under årets samling var korleis ein skal skapa framtidas media. Totalt 38 foredragshaldarar var på podiet.

I år deltok 182 aviser frå 25 land i konkurransen, og Norge, Tyskland og Nederland stakk av med hovudprisane. Sunnhordland vart kåra til den beste lokalavisa, medan Adresseavisen vart kåra til den beste regionsavisa i Europa.

Les også:Her blir Sunnhordland kåra til årets lokalavis i Norge