FOR TOM SAL: Årets russerevy vert spelt for tom sal torsdag. Sunnhordland sender revyen på Sunnhordland.no. Foto: Privat

Sunnhordland sender russerevyen

Årets russerevy går for tom sal, men kan sjåast på Sunnhordland.no. Russen oppmodar folk om å støtta Kreftsaka.

Klokka 18.30 torsdag kveld går teppet opp for årets russerevy, men utan publikum i salen. Revyen vart avlyst grunna kommunen sine restriksjonar om å ikkje halda arrangement med over 100 personar.

– Me fekk eit hint om at russen likevel ville spela gjennom revyen på scenen, men berre for eit opptak. Så me bestemte oss for å ta ideen vidare, seier Reidar Hystad, dagleg leiar i Mediehuset Sunnhordland.

Les også
Årets russerevy er avlyst

Tar opptak

Sunnhordland har fått Magne og Johannes Langåker til å filma revyen. Og etter planen skal det verta streaming direkte, pluss at ein kan sjå revyen på Sunnhordland.no etterpå.

– Me jobbar med løysingar for streaming, men videoen vil uansett vera tilgjengeleg på Sunnhordland.no så snart me klarar etter framsyninga, seier Hystad.

Mediehus-leiaren seier det er viktig for dei å prøva ut nye konsept, pluss at dei vil hjelpa russen som har stått på og jobba hardt i mange månader, for så å få beskjed om avlysing i siste liten.

– Inntektene me får inn på annonsar skal gå til russen sin aksjon, Krafttak mot kreft, seier Hystad.

Les også
Russen er klare for historisk revy-maraton

Oppmodar om støtte

Madeleine Pedersen i revygruppa fortel at det var mange triste fjes å sjå då avgjerda kom onsdag. Onsdag var første gong dei øvde i kulturhuset.

– Me hadde ein siste gjennomgang i går, og mange felte tårar då beskjeden kom. Me har jobba og øvd gjennom mange månader, og har vorte ein veldig samansveisa gjeng. Uansett så har me full forståing for at me måtte avlysa, seier Pedersen.

Overskotet frå russerevyane går alltid til Krafttak mot kreft. Men i år, når billettane må refunderast og dei har utlegg i samband med revyen, så fryktar dei at det ikkje vert mange kronene igjen.

Dessutan er årets bøsseaksjon avlyst, og det vil berre skje innsamling via Vipps.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil oppmoda alle som har fått billettane refundert, eller som ynskjer å støtta oss, om å vippsa, seier Pedersen.

Stord VGS sin krafttak-konto, som er knytt til Kreftforeningen, har nummer 451002.

FORSTÅR AVLYSINGA: Madeleine Pedersen er glad for at dei får vist fram årets russerevy, på ein digital måte. Foto: Privat

Ikkje avklart leige

Når det gjeld sjølve russetida, så fryktar mange at det vert mange endringar.

– Landstreffet i Kongeparken vert nok avlyst. Dessutan hadde me planlagt premierefest for alle i revyen, pluss andre russ. Men dette er no avlyst. Det er berre dei som har vore med på revyen som får vera med på festen, seier Pedersen.

Herdis Belsvik, einingsleiar for kulturtenester i Stord kommune, seier dei framleis ikkje har avklart korleis dei skal ordna leigeforholdet for russen.

– Førebels har me hatt nok med å avlysa arrangement. Så leigeforhold har me ikkje komme til enno, seier Belsvik, som fortel at fleire store arrangement er avlyst i vekene framover.

Kinoen går framleis som normalt, men med restriksjonar.

– Det er eit tak på 100 personar i storsalen, og det er laga sperrer slik at ikkje folk sit for tett. Det same i småsalen, seier Belsvik.

Les også
NTB: Alle skulane og barnehagane i landet blir stengde