MYKJE RØYK, MEN INGEN SKADE: Huset vart lufta ut etter mykje røyk frå svidd mat. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Svidd mat gav røykutvikling i hus på Bømlo

Ei eldre kvinne i Fylkesnesvegen på Bømlo kom seg ut og er ikkje skada.

Kvinna løyste sjølv ut melding til brannvesenet måndag ettermiddag via ein tryggleiksalarm ho har på seg. Ho hadde vore uheldig og svidd noko mat slik at det vart stor røykutvikling.

Det var aldri opne flammar, og no driv folk frå Bømlo brannvesen og luftar ut huset. Kvinna skal kunna bu der også i natt, opplyser Bømlo brannvesen.