annonse

Syklist fekk skadar i ansiktet

ULUKKE
ULUKKE: Onsdag var det kollisjon mellom ein syklist og ein bil på Bømlo. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Onsdag ettermiddag rykte politi og ambulanse ut til ein kollisjon mellom sykkel og bil.

Ingvild Siglen Berger

Ulukka skjedde i Hollundsvegen mellom Svortland og Urangsvåg på Bømlo.

Politiet fekk melding klokka 15.24,

– Det som er meldt inn frå patruljen er at syklisten skal ha køyrd inn i ein bil bakfrå, seier operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt til Sunnhordland.

Syklisten, som er ein mann i 40-åra, skal ha fått skadar i ansiktet og i ein skulder.

– Personen var bevisst heile tida og får vidare behandling på legevakta, seier operasjonsleiaren.

Det er ikkje meldt om trafikale problem på staden.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut