Bømlabrua: Politiet er på staden etter at ein takboks blåste av ein bil på brua. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Takboks blåste av bil på Bømlabrua

Det bles godt i dag. Politiet oppfordrar om å sikra lause gjenstandar.

Rett over klokka 09 søndag formiddag, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter at dei har fått melding om at ein takboks har blåst av ein bil på Bømlabrua.

Ifølgje politiet heng den fast i rekkverket på brua.

– Takboksen er øydelagt. Ingen skader på den involverte bilen, eller andre køyretøy. Politiet på veg. Det blåser stiv kuling på brua, skriv politiet vidare i Twitter-meldinga.

Olaug Bjørnsen, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, seier til Sunnhordland at politiet er på staden og har kontakt med bilførar.

– Det er ingen andre bilar i nærleiken, og ingen skadar utover at takboksen er øydelagt. Det blåser jo stiv kuling på brua, det er jo litt ver og vind, regn og litt slik. Me har fått litt meldingar om lause gjenstandar som fyk, så det kan jo folk vera litt merksame på når der er kraftig vind. Det gjeld ikkje berre i dag, men elles alltid, at ein sikrar slike gjenstandar, seier Bjørnsen søndag formiddag.