TATT: Det var på Fv. 542 til Bømlo at ein mann vart stansa av politiet natt til tysdag. Farta på motorsykkelen vart målt til 149 km/t. Arkivfoto: Ole Alexander Saue

Tatt i 149 km/t

Mann i slutten av 40-åra vart utan lappen.

Rett etter midnatt måndag, vart ein mann i 40-åra stansa av politiet i Bremnesvegen på Bømlo. Han var då målt av politiet til 149 km/t i 80-sona.

– Førarkortet vart kverrsett på staden, seier vaktleiar Nina Fagerland i Sør-Vest politidistrikt.

Ho har ikkje opplysingar om korleis målinga skjedde, om det var laser eller snittmåling.

Politiet skreiv i natt på Twitter at det var ein bilførar, men Fagerland fortel at mannen køyrde motorsykkel.