Fartskontroll: UP hadde kontroll langs E39 ved Raunholm. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Teken i 106 km/t i 80-sona

UP hadde måndag formiddag fartskontroll ved E39 Raunholm.

Kontrollen gjekk føre seg i tidsrommet 10.00 til 12.45. 14 bilistar køyrde for fort og fekk utskrive forenkla førelegg.

Høgaste hastigheit målt var 106 km/t i 80-sona.