KONTROLL: Utrykkingspolitiet stoppar ofte bilistar som køyrer for fort på E39. Torsdag mista ein stordabu lappen etter å ha køyrt i over 150 kilometer i timen på Mehammar. Biletet er frå ein tidlegare kontroll ved den kilometerlange strekkja. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Teken i 152 km/t på Mehammar

Stordabu køyrde i 72 kilometer i timen over fartsgrensa framføre UP sin laser.

Torsdag ettermiddag hadde Utrykkingspolitiet fartskontroll ved Mehammar på Stord. Her var det fleire som køyrde fort, samt ein bilist som låg langt over fartsgrensa.

– Ein mann i 20-åra får Stord fekk beslag i førarkortet sitt, seier vaktsjef André Skram Hansen ved politistasjonen i Haugesund.

– Dette er alvorleg høg hastigheit. I ytste rettslege konsekvens kan dette medføra fengsel for vedkommande, seier Skram Hansen.

Les også
Rusa sjåfør punkterte

Utrykkingspolitiet skreiv også ut fire forenkla førelegg for høg fart. Den høgaste farta på 152 kilometer i timen i 80-sona på Mehammar, er nesten det dobbelte av fartsgrensa på staden.

UP melder på Twitter at dei til trass for koronaviruset held på med aktiv kontrollaktivitet for å bidra til trygge vegar.

– Trafikkmengda er redusert, men likevel er det for mange som har ein åtferd me ikkje ønskjer, skriv UP.

Les også
50-åring teken i fartskontroll