annonse

Tel ned til ny nettserie

Premiereklare
Premiereklare: Ståle Eskeland (t.v.) og Marius Knutsen gler seg til å endeleg få visa fram sesong to av «På tur (i bilar med sjel)» på Sunnhordland.no. (Foto: Skjermdump)

Ståle Eskeland og Marius Knutsen har spedd på med meir action i serien «På tur».

Vidar Hope

Torsdag er det premiere på sesong to av «På tur (i bilar med sjel)» på Sunnhordland.no.

– Det er veldig spennande å få lov til å laga videoserie igjen. Ståle Eskeland har jo allereie laga den første sesongen av serien saman med Kai Roger Melkevik. Det var kjekt å få komma inn og gjera nokre endringar. Nytt i denne sesongen er mellom anna spaltene «Gjett songen» og «Ryggeslalom», der gjestene både må syngja litt og ryggja ein svær pickup, fortel Sunnhordland sin videojournalist Marius Knutsen.

Sporty som stiller opp

Ståle Eskeland er spent på mottakinga etter premieren kommande torsdag. Han fortel om livlege innspelingsdagar.

– Eg elskar å køyra gamle bilar og så har me hatt med oss veldig kjekke gjester. Det blir litt meir action denne sesongen og så har me fått inn ein konkurranse der gjestene skal syngja. Dei er sporty som stiller opp, seier Eskeland.

Marius Knutsen nemner også ekspertkommentator som nytt av året.

– Medan NRK og «Mesternes mester» har Johann Remen Evensen, har me fått med oss broren, Andreas Remen Evensen, som er busett her på Stord. Han har aldri gjort noko liknande før, og gjorde ein kjempejobb, seier Knutsen.

– Eg er godt nøgd med resultatet. Men det er utruleg mykje ein må halda styr på når ein er heilt åleine bak kamera, seier Knutsen.

Sjå sesong 1: På tur i bilar med sjel
 


Krevjande, men verdt det

Ansvarleg redaktør Magne Kydland i Sunnhordland gler seg til å visa episodane fram på Sunnhordland.no torsdagar framover.

– Det tek mykje tid og ressursar på å laga slike nett-tv-seriar, men me har valt å prioritera det dei siste åra, for å kunna gje våre lesarar eit best mogeleg innhald på våre digitale plattformer, forklarar han.

– Våre tidlegare nett-seriar har gjeve oss mange positive tilbakemeldingar, mange sjåarar, og me har faktisk kjempa om prisen som «årets nett-tv-serie», blant anna i lag med megasuksessen «Skam» på NRK, legg Kydland til.

Fleire gjester

Ståle Eskeland skildrar serien som «feelgood».

– Folk skal bli litt gladare etter at dei har sett desse episodane. Det håpar eg iallfall, seier han.

Utover hausten blir Sunnhordland sine sjåarar med på tur med Bjørn Arve Lunde, Arne Torget, Kjellbjørg Lunde, Nina Meldahl Olsen og Marcus Kabelo Møll Mosele – betre kjend som rapparen «Kamelen».

Frå før har Sunnhordland hatt suksess med videoseriane «Garasjen» og «Voff». Alt er tilgjengeleg på tv.sunnhordland.no.
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut