Trevelt: Politiet og Haugaland kraft på staden, etter at ein telefonstolpe, som rett nok ser ut som eit tre, bles over vegen og tok med seg nokre tele- og fiberliner i Eldøyvegen tysdag kveld. Foto: Magne Kydland

Telefonstolpe velta i vinden

Ein telefonstolpe sperrar Eldøyvegen tysdag kveld.

Politiet og mannskap frå Haugaland Kraft rykte tysdag kveld til Eldøyvegen, etter at ein telefonstolpe, som rett nok kan sjå ut som eit tre fordi det veks lauv på han, velta over vegen i eit kraftig vindkast.

Ein bil som kom køyrande fekk nokre kablar over seg, men det er ikkje meldt om verken materielle skader eller personskadar.

Kablane skal vera tele- og fiberkablar, så det skal ikkje vera husstandar som har mista straumen.

Mannskap frå Haugaland Kraft kjem til å rydja staden i løpet av kvelden, og i mellomtida er det omkøyringsveg på grusvegen mellom Eldøy og Kårevik.

Sunnhordland var i 20.30-tida i kontakt med vaktsjefen ved Haugesund politistasjon, og der har dei ikkje fått melding om andre hendingar som følgje av sterk vind, enn velten i Eldøy.