Sparka: Politiet prøvde å visa bort ein tenåring frå Leirvik sentrum natt til søndag, men han nekta, og forsvann inn på ein utestad. Foto: Sunnhordland/Arkiv

Tenåring sparka til feil bil

Vist bort, men nekta.

I 03.00-tida natt til laurdag var det ein mann i slutten av tenåra som sparka til dekket på ein politibil i Leirvik sentrum.

På grunn av dette så blei han vist bort frå sentrumskjernen. Men tenåringen nekta å retta seg etter politiet, og forsvann i staden inn på ein utestad.

Dette resulterte at han blei meldt for brot på politiet sitt pålegg. Politiet bestemte seg for å ikkje køyra den unge mannen i arresten, men han står like fullt i fare for å venta seg eit kostbart etterspel.

Les også
Ungdom med bil lokka til seg politiet