Julegran: Mannskap frå grøntavdelinga i Stord kommune sette opp og pynta det fine juletreet framfor rådhuset. Foto: Steinar Hystad

Tenning søndag

Ei flott gran frå Lønningsgarden, med kongler i toppen, vart torsdag formiddag reist og bardunert godt i Borggarden på Leirvik. Søndag kommande er det første i årets advent og på ettermiddagen denne dagen følgjer Frelsesarmeen Stord Korps opp sin samlande tradisjon med gode ord, tenning av lys og gonge rundt treet. Alle vel møtt.