Ordførar Gaute Straume Epland er gjest i Stordpodden 2. juledag. Foto: Kjetil Fyllingen

– Tidvis følte eg at eg hadde teke meg vatn over hovudet

Etter det brå dødsfallet til Harry Herstad (Ap), gjekk Gaute S. Epland inn i ordførarrolla på Stord.

I Stord-podden denne veka, som er lagd av Kjetil Fyllingen i samarbeid med Mediehuset Sunnhordland, snakkar Gaute S. Epland ut om den brå vendinga livet tok i 2017. Då vart han nemleg, etter eit medlemsmøte i Stord Arbeidarparti, valt til ordførar etter at den sitjande ordføraren Harry Herstad døydde brått.

– Dødsfallet var brutalt for alle, seier Epland i podkasten, som du kan høyra her:

Torsdagen før Herstad vart sjuk, hadde Epland vore ein tur i Bergen i samband med ei minnestund. På ferja heim, mellom Halhjem og Sandvikvåg, møtte han Harry Herstad.

– Då snakka han om at dette vart hans einaste periode som ordførar på Stord, og at han hadde lyst til å bruka tida si som pensjonist etter at perioden var over, fortel Epland.

Men fredagen etterpå, i eit representantskapsmøte i SIM, vart Herstad sjuk. Og han døydde på sjukehus berre nokre få dagar etterpå.

Les også
Harry Herstad er død

I etterkant vart Epland valt til ordførar, og i Stordpodden innrømmer han at det var krevjande å gå inn i rolla som ordførar på denne måten.

– Den første hausten, og første året, var krevjande. Og tidvis lurte eg på om eg hadde teke meg vatten over hovudet. Det var strid om nytt ferjestø, og det var biogass-saka i Grunnavågen, forklarer Epland.

Les også
No er «Stordpodden» her!

– Men samstundes så ser eg på jobben som eit privilegium, og noko eg sett pris på. Og eg takka jo ja til å stå øvst på lista ved valet i år, seier han.

Du kan spela av episoden i Spotify her:

Podkasten er i tillegg tilgjengeleg i andre avspelingsverktøy, som du finn ein oversikt over her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

Bli betre kjend med (tidlegare) Sykkel & Kaffi-Stein

Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt brenn for flyktningar

SNG-leiar Jan Kåre Pedersen om vegen frå telemontør til bedriftsleiar

Berit Hovstad starta mikrobakeri i kjellaren

Ingvild Hjellestad Johannesen brenn for teaterlaget

Jan Roar Hovland gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Magdalena From Delis om dansen og oppveksten

Artikkelen held fram under annonsen.

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Redaktør Magne Kydland om Stordpodden