Innsats: Vindforholda rundt Svartasmoget, der det fredag morgon var brann, har endra seg. Foto: Politiet Foto: Politiet

Tilsette på oppdrettsanlegg evakuert etter brann på Svartasmoget

Ber folk om å stengja vindauge.

Politiet melder om at vindforholda i området Svartasmoget, der det tidlegare i dag var brann, har endra seg. Politiet melde tidlegare at brannen var sløkt. No har seks tilsette frå eit oppdrettsanlegg ved Storevikholmen, vest for bossplassen, blitt evakuert.

I tillegg skal bebuarar i åtte-ti bustader i same området ha blitt beden om å lukka vindauge, stengja ventilasjon og liknande.

Gravemaskin er bestilt til staden for å grava ned i deponiet.

NYHENDE
Brann i anlegg på Svartasmoget