Wenche Tislevoll har bestemt seg for å gje seg i politikken etter å ha vore ordførar i to år.
Wenche Tislevoll har bestemt seg for å gje seg i politikken etter å ha vore ordførar i to år. Foto: NANNA AANES WOLD/ARKIV

Tislevoll gir seg i politikken

Wenche Tislevoll gir seg i politikken.

– Eg stiller ikkje til val i neste periode. Etter tre aktive periodar i lokalpolitikken, og to periodar som ordførar ønskjer eg å nytta tida mi annleis. Det er likevel med glede og iver eg ser fram til det siste året i ordførarstolen, der målet framleis vil vera å arbeida for dei beste tenestene til innbyggjarane og leggja til rette for vekst og utvikling, seier Tislevoll.

Samanslåing tyngst

– Kva har vore den vanskelegaste saka i inneverande periode?

– Kommunereformprosessen, der mange kjensler var i sving.

– Kva sak har du vore mest nøgd med i perioden?

– Gjennom reguleringsplanar og næringsarbeid lagt til rette for nyetableringar og ein optimisme innan næringslivet. Og for at me har greidd å halda kostnadsnivå for innbyggjarane nede, noko som også kan vera medverkande årsak til den positive folkeveksten me har hatt denne perioden.

– Kva sak/saker trur du blir dei viktigaste i den kommande perioden?

– Å byggja kommunen for framtida, for å skapa den gode, og sterke kommunen som skal stå på eigne trygge bein. Noko som krev omstilling og mogelegheit til å driva smartare og dermed gje dei aller beste tenestene til innbyggjarane våre med dei ressursane me har til rådvelde. Då må ein politisk måtte prioritera og gjera vanskelege val.

Les også:Desse Stord-politikarane gir seg neste haust