Kollisjon: Politiet har rykt ut til kollisjon mellom to bilar i Sagvåg søndag ettermiddag. Foto: Sunnhordland/Arkiv

Fire til legevakt etter kollisjon

To bilar kolliderte i Sagvåg.

Klokka 17.21 søndag fekk politiet melding om to bilar som hadde kollidert i Sagvåg. Fem personar sat i bilane, og ein vaksen og tre born vart frakta til legevakta for sjekk, men ingen av dei skal vera alvorleg skadde, melder politiet på Twitter.

— Det er moderate materielle skader, og ulukka har skjedd ein stad der det er innsnevra køyrefelt grunna vegarbeid. Det var omkøyring via Litlabø fram til vegen vart rydda, melder politiet.

Like etter klokka halv sju kom det oppdatering på at tre av dei fire var uskadde, medan eitt av borna er lettare skadd. Alle borna er i barnehagealder.

— Det er ikkje mistanke om ruskøyring. Feilvurdering av høve til å passere to bilar i innsnevringa er truleg årsaka til kollisjonen, som skjedde ved Vasspollen i Sagvåg, skriv politiet på Twitter.