I KARANTENE: Både elevar og tilsette må i karantene. Men skulen blir ikkje stengd slik situasjonen er no. Dette biletet er frå tidlegare i haust. Foto: Henrik Mundal Andreassen

To elevar smitta – rundt 140 må i karantene

Stord vgs. er igjen råka av koronasmitte.

I går blei det kjend at ein elev ved skulen hadde fått påvist covid-19. Laurdag ettermiddag stadfestar rektor Ellen Strandens at endå ein elev har fått smitten.

– Eine eleven er på studieførebuande og den andre går yrkesfag, seier ho til Sunnhordland.

Leverte liste

Elevar i åtte klassar blir sett i karantene ut kommande veke. Det utgjer rundt 140 elevar. I tillegg vil fleire tilsette bli sett i karantene, men Strandenes har førebels ikkje oversikt over kor mange.

– Skulen har jobba tett med legen på koronasenteret. I formiddag leverte me ei liste over nærkontaktar, seier ho.

Les også
Fem tilfelle på Leirvik AS: – Situasjonen er handterleg

Rektoren ber alle om å følgja retningslinjene frå FHI og kommunen.

– Me har god erfaring med dette og trur me skal lukkast denne gongen òg, men då må alle følgja retningslinjene. Me er innstilt på å halda skulen i gang vidare. Slik situasjonen er no er det ikkje grunnlag for å stengja ned skulen, seier ho.

Teknisk feil

Fleire elevar har reagert på at det har teke tid å få informasjon om den nye smittesituasjonen på skulen. Fredag blei det stadfesta nytt smittetilfelle, fleire timar etter at ryktet gjekk på skulen.

– Me er nøydde til å få alt stadfesta frå koronasenteret før me kan gå ut med informasjon. Akkurat i går kveld hadde me ein teknisk feil då me skulle senda ut sms til alle elevar og tilsette. Beskjeden blei ikkje sendt frå meldingssystemet, men me fekk meldt frå på skulen sine interne sider. I dag tidleg fekk me til slutt ut sms-en, seier Strandenes.

Les også
Ber folk halda seg mest mogeleg heime på fritida