GLEDELEG: Loke og Sparta var funne midt på dagen søndag to døger etter at dei stakk av frå Rutle.. Foto: Privat

Kongepudlane er funne

Begge to er i god form.

Dei to kongepudlane forsvann frå Rutle midt på fredagen. Den som passa dei, lot dei springa fritt litt, og då stakk dei av, både den på 9 år og dedn på 8 månader. Hundeeigar Kari Einarsen er svært letta.

– Ja, nå er eg enormt glad. Det har vore heilt forferdeleg å vita at dei var ute i dette kalde veret, dese hundane som ikkje er eigna til det. Eg har verkeleg hatt angst desse to døgera. Men då Vidar Ankervold fann dei nær Holmedalsvatnet, var dei i overraskande god form., seier den letta hundeeigaren Kari Einarsen.