Etter ulukka ved Gassasundet fredag morgon, vart to personar frakta til legevakt for sjekk. Foto: Arkiv

To køyrd til legevakt etter ulukke

Ulukke på Bømlo fredag morgon.

To bilar var involvert i ei trafikkulukke på Bremnesvegen ved Gassasundet på Bømlo fredag morgon. Naudetatane fekk melding om ulukka klokka 06.22, og meldte om ukjent personskade.

– Ulukka har truleg skjedd i forbindelse med brot på vikeplikt. Involverte personar blir varetatt av helse og køyrd til legevakt, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Operasjonsleiar Anders Oppedal fortel at det var ein person i kvar bil. Trafikken stod ei stund i begge retningar, og det var manuell dirigering fram til bilbergar kom til staden for å fjerna køyretøya. Vegen opna att litt før 08.30.

– Trafikken går som normalt igjen no, seier Oppedal til Sunnhordland.

Politiet har oppretta sak.

Les også
Køyrde av vegen på Bømlo