Vald i sentrum: Natt til laurdag rykka politiet på Stord ut til ein utestad, etter melding om ein valdsepisode mellom to vaksne menn. Foto: Kjetil Østrem

To menn blei lagde i jern

Valdsepisode i natt.

Klokka 02.06 natt til laurdag fekk politiet melding om ein valdsepisode i Leirvik sentrum. To menn utøvde vald mot kvarandre ved ein utestad. Den eine parten skal ha blitt slått i ansiktet. Patruljen oppretta sak på forholdet, og viste bort partane frå sentrum.

Vaktsjef ved politistasjonen i Haugesund, Dan Magne Gaard, fortel at fornærma skal vera ein mann i starten av 40-åra, medan gjerningsmannen skal vera ein mann i midten av 20-åra.

– Då politiet kjem til utestaden skal begge partar vera svært hissige, og begge blei påførte handjern, i eit forsøk på å roa ned situasjonen. Etter kvart enda det med at begge to blei melde for ordensforstyrring, og viste bort frå staden. Begge to etterkom dette, seier Gaard.

Den første meldinga til politiet gjekk ut på at fornærma skal ha dratt på seg ein knekt nase.

– Dette skulle visa seg å ikkje stemma. Det skal berre ha vore snakk om naseblod, seier Dan Magne Gaard.

– Dei slapp å bli køyrde i arresten?

– Me gjev folk ofte ein sjanse. Om dei vel å ikkje høyra på oss endar det ofte med strake vegen til arresten i Haugesund, seier politivakta.