Politiet trefte på to menn på Stord med narkotiske stoff i går kveld. Han eine var passasjer i ein bil.
Politiet trefte på to menn på Stord med narkotiske stoff i går kveld. Han eine var passasjer i ein bil. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

To menn tekne med narkotika

Politiet oppdaga ein passasjer som var rusa på narkotika i ein bil.

Måndag kveld vart ein bil stoppa av politiet utanfor Leirvik på Stord.

– I bilen oppdaga dei ein passasjer som var påverka av narkotika. Politiet fann også mindre mengder narkotika, seier vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved politistasjonen i Haugesund.

Mannen i 30-åra vart avhøyrt, dimittert på staden, og politisak vart oppretta.

Like etterpå stoppa politiet ein mann i slutten av 20-åra utanfor Leirvik. Han hadde eit pilleglas med narkotiske piller på seg, som han ikkje hadde lov til å ha. Også han vart avhøyrt og dimittert på staden, og politiet har oppretta sak.

Begge mennene er frå Stord, og er kjenningar av politiet frå før.