KORONAVIRUS: Talet på pasientar som ligg på Haugesund sjukehus med koronasmitte, har auka frå måndag til tysdag. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

To pasientar får intensivbehandling ved Haugesund sjukehus

Tysdag opplyser Helse Fonna at åtte personar er innlagde på Haugesund sjukehus med påvist koronasmitte.

Dette er ein auke frå i går, då fem pasientar var innlagde ved sjukehuset. Av dei åtte innlagde pasientane i Haugesund får no to personar intensivbehandling: Éin vaksen og éin eldre, opplyser Helse Fonna.

– Me opplyser om alder innan desse aldersgruppene for pasientar som får intensivbehandling: Born (0-17 år), vaksen (18-64 år), eldre (65 år +), melder helseføretaket på sine nettsider.

Éin pasient er også innlagd ved Odda sjukehus. Stord sjukehus har ingen pasientar innlagd med koronavirus per 24. mars.

Helse Fonna har i dag 124 medarbeidarar i koronarelatert fråvær/karantene, av totalt ca. 4.000.

Les også
Nytt smittetilfelle i Fitjar