ULUKKE PÅ BØMLO: Naudetatane rykte ut etter melding om to personar i ei MC-ulukke. Foto: Statens Kartverk/Sunnhordland

To personar i MC-ulukke

Full utrykking til Urangsvåg.

Fredag kveld klokka 19.41 fekk politiet melding om ei MC-ulukke ved Urangsvåg på Bømlo.

– To personar var på motorsykkelen då uhellet fann stad. Ukjend skadeomfang, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

110 Sør-Vest melder at ulukka skal ha skjedd ved Goddevegen, og at brannmannskap også er på staden.

Klokka 20.23 melde politiet at to jenter har blitt frakta til Stord sjukehus med mogelege brotskadar.

Les også
To tenåringsjenter på lettmotorsykkel kolliderte med fjellvegg – begge er frakta til Stord sjukehus