Tysdag kveld melder politiet om ei bilulukke på Litlabø.
Tysdag kveld melder politiet om ei bilulukke på Litlabø. Foto: Marius Knutsen

To personar sendt til sjukehus

– Ein hadde vondt i ein arm, den andre hadde nakkesmerter, opplyser politiet.

Klokka 20.26 tysdag kveld fekk Sørvest politidistrikt melding om ei ulukke på Litlabøvegen - likeved krysset inn til Isdal.

Litlabø, Stord, to biler kollidert. 1 person skadet. Brv på stedet, politiet snart på stedet.

— SVPD ops - Haugesund (@HaugSunnOps)4. april 2017

– To køyretøy har vore involvert i ulukka. To personar – ein frå kvar bil – er sendt til sjukehus. Den eine hadde vondt i ein arm, medan den andre hadde smerter i nakken, seier operasjonsleiar ved Sørvest politidistrikt, Andre Skram Hansen, til Sunnhordland.

Stord brannvesen på vei til trafikkulykke Isdal.

— HS110 (@HS110SENTRAL)4. april 2017