NY KONTROLL: Jo Kjetil Strand, kontrolleiar i Statens vegvesen, var med på ny kontroll torsdag kveld. Dette biletet er teke ved eit tidlegare høve. Foto: Henrik Mundal Andreassen

To trailerar fekk ikkje køyra vidare

Kontroll på Vabakkjen torsdag kveld.

Statens vegvesen hadde ny kontroll ved E39 på Stord torsdag kveld. Og ifølgje ei melding frå kontrolleiar Jo Kjetil Strand i Vegvesenet var til saman 38 køyretøy innom kontrollplassen.

Les også
– Veldig skuffande å sjå at køyretøy i så dårleg stand er i dagleg bruk på vegane våre

– Av desse vart det sett nærmare på seks køyretøy. Dette førte til to bruksforbod for manglande merking av spesialtransport og manglande kalibrering av skiver. Ein sjåfør fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre og kviletida, og fire køyretøy fekk mangellapp grunna tekniske feil. Eit firma vert meldt for manglande toårskalibrering av skiver, heiter det i meldinga.