Det var fartskontrollar både på Stord og i Kvinnherad onsdag kveld. Illustrasjonsfoto: Marius Knutsen Foto: Marius Knutsen

Tok førarkort og skreiv ut bøter i fartskontrollar

UP var på plass med laser fleire stader i Sunnhordland.

Onsdag kveld melde Sørvest politidistrikt på Twitter at UP hadde gjennomført ein fartskontroll på E39 ved Stordabrua.

Ved kontrollslutt klokka 19.50 hadde sju førarar fått forenkla førelegg. Høgaste hastigheit var 101 km/t i 80-sona på staden, melder politiet.

Lokalt politi var òg på plass ved Herøysund i Kvinnherad frå klokka 18.45 til 20.30 same kveld, der dei hadde laserkontroll i ei 60-sone-

– Fire forenkla førelegg i tillegg til ei politimelding med førarkortbeslag. Høgaste fart var 89 km/t, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Les også
Etterlyst bil lokalisert etter tips frå publikum