Lang kamp: Det skulle visa seg å bli alt anna enn enkelt å få deira døde mor heim frå Kreta. Søskena Trine Austrheim, Oss Martin Austrheim og Merete Austrheim Rebnord har endeleg ei grav å gå til. Foto: Eli Bjelland/NRK

Tok ni månadar å få død mor heim frå Kreta

Etter ein lang kamp, har Austrheim-søskena endeleg ei grav å gå til.

Sunnhordland skreiv i februar om dei tre søskena Odd Martin Austrheim, Merete Austrheim Rebnord og Trine Austrheim, som kjempa for å få deira døde mor heim frå Kreta.

Torsdag melder NRK, som hadde saka først, at søskena endeleg har ei grav å gå til.

– Mamma er kommen dit ho høyrer heime, ved sidan av pappa på grava. Det blei ein verdig slutt, men tida fram til no har vore uverdig, seier dottera Trine Austrheim, som er busett på Stord, til NRK.

Dei hadde ikkje høyrt noko i saka på to månadar, då dei plutseleg 22. mai fekk beskjed om at urna med mora var komme til Norge.

Les også
Mora ligg død i Hellas: – Kroppen burde vore heime på gravplassen

Trøbbel med reiseforsikring

Gerd Sissel Austrheim frå Nordhordland var på sin årlege ferietur saman med sambuaren, på den greske øya Kreta, då ho døydde i fjor haust. Det som truleg var lungebetennelse gjorde at ho hamna på sjukehus. Helsa hennar, som allereie var svekt, forverra seg drastisk.

65-åringen hadde reiseforsikring, som viste seg å ikkje gjelda ho. Frende forsikring meinte mora var for sjuk til å reisa på ferie. Ho hadde europeisk helsetrygdekort, men det var ubrukeleg då ho hamna på eit privat sjukehus.

Søskena prøvde fleire gongar å få mora heim, utan hell. I tillegg følte dei seg trua økonomisk av sjukehuset i Hellas, som meinte dei skulda 350.000 kroner. Men etter at NRK tok kontakt med forsikringsselskapet i vinter, snudde dei i saka. Dei fekk likevel dekt utgiftene.

Eit etterlengta punktum

Familien hadde ikkje råd til å frakta mora heim i kiste. Då vart kremasjon einaste håp. Dette måtte ein domstol i Hellas vurdera.

Ifølgje NRK har det skjedd svært lite i saka sidan februar. Etter to høyringar om kremasjon, fekk søskena i starten av mars melding om at mora skulle kremerast. Så høyrde dei ikkje meir før urna var komme til Norge.

– Alle som døyr fortener å bli gravlagde og få ein plass som er sin. No kjenner me at det blir godt å få sørgja saman, seier Trine Austrheim til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
I 12 år trudde legane at Silje (26) var psykisk sjuk. Så fann dei svulsten