Trude Brosvik (57) vil bli fylkesordførar i Vestland. Sonen Torbjørn (37) ønskjer å ta over jobben til Gaute Straume Epland (Ap).
Trude Brosvik (57) vil bli fylkesordførar i Vestland. Sonen Torbjørn (37) ønskjer å ta over jobben til Gaute Straume Epland (Ap). Foto: PRIVAT

– Torbjørn fekk politikken inn med morsmjølka

Medan Torbjørn Brosvik (37) går for å bli Stord sin nye ordførar, kjempar mamma Trude Brosvik (57) for å ta makta i fylket.

– Torbjørn er dyktig. Eg må seia at han imponerer meg veldig. Han er samlande og har absolutt dei gode eigenskapane som trengst om ein ønskjer å vera leiar, seier Trude Brosvik.

Trude Brosvik er mamma til Torbjørn Brosvik. Begge representerer Kristeleg folkeparti. Medan mamma Brosvik er KrF sin fylkesordførarkandidat i Vestland, prøver sonen Brosvik å få fatt i ordførarklubba på Stord.

– Det er travle dagar for oss begge, seier Trude.

Røynd politikar

Dei siste åra har Torbjørn Brosvik sete både i kommunestyret og i formannskapet på Stord. Allereie då han var 17 år blei mora den første kvinnelege ordføraren i Gulen kommune, i Sogn og Fjordane.

– Eg byrja i politikken tidleg. I 1987 kom eg inn i kommunestyret. Frå 1999–2011 var eg ordførar i Gulen. Så ein kan vel trygt seia at Torbjørn har fått politikken inn med morsmjølka, fortel Trude.

Torbjørn vaks opp som eldstemann i ein søskenflokk på fire. I 2012 flytta han til Stord. No har han tre ungar sjølv.

– Me brukar kvarandre mykje i det daglege. Me er ikkje alltid samde, men det er alltid interessant å diskutera med Torbjørn. Han jobbar jo i Vegvesenet, difor blir også samferdsle ofte eit heitt tema. Og så er det jo veldig viktig for meg å høyra om korleis kvardagen er for småbarnsfamiliane. Familiepolitikken er veldig viktig for oss begge, seier Trude.

– Me snakkar alltid mykje politikk saman. Om eg har snakka med mor mi på telefonen, gjerne ein lengre samtale, spør ofte kona mi meg etterpå om korleis dei hadde det. Det kan eg ikkje alltid svara på, ler Torbjørn.

– Lært mykje

Torbjørn fortel også at han har lært mykje av å ha ein røynd politikar i familien.

– Eg synest mamma er veldig flink. Ho er både tydeleg og uredd. Ho seier det ho meiner, sjølv om det kan vera på tvers av det partiet eller andre meiner. Det viktigaste eg har lært er nok likevel samfunnsengasjementet. Det er utruleg viktig å kjempa for noko ein trur på. Og så snakkar ho ikkje drit om folk. Det er ekstremt viktig å skilja sak frå person i desse kommentarfelt-tider. Det prøver eg å følgja sjølv også, seier Torbjørn Brosvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjekk korleis duellen mellom KrF-Brosvik og Raudt-Flatmo gjekk