Lang kø: Det var lange køar langs E39 i Sveio etter ei trafikkulukke ved Håvardsholm onsdag føremiddag. Foto: Lesarfoto

Lang kø etter trafikkulukke på E39 i Sveio

Taxi og personbil har kollidert.

Politiet i Sør-Vest melder at det klokka 10.23 onsdag har skjedd ei trafikkulukke på E39 ved Håvardsholm i Sveio.

Det skal vera ein taxi og ein personbil involvert i ulukka. Tre personar var i bilane, og ein av personane skal ha fått mindre kuttskadar i ein arm.

Førarkort beslaglagd

Eine bilen skal ha komme over i motgåande køyrefelt og kollidert. Føraren i bilen som kom over i motgåande felt, ein mann i 50-åra, mista førarkortet.

I bilen han møtte var det ein førar i 50-åra og ein passasjer i 80-åra.

– Det er snakk om lettare skader, med kutt i ein arm på ein av dei, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen til Sunnhordland.

Lang kø

Det skal ha oppstått kilometer lange køar. Ifølgje politiet er trafikken som normalt igjen, men ein bilist frå Stord som tok kontakt med Sunnhordland i 12.40-tida onsdag ettermiddag kunne fortelja noko anna.

Vedkommande fortel at dei har stått i kø i ein time, i retning sørover, og at køen enno ikkje har byrja å løysa seg opp.