Ein trailer fekk varmgang i eit dekk på veg gjennom Bømlafjordtunnelen tysdag morgon. Det tok nesten to timar å få han ut.
Ein trailer fekk varmgang i eit dekk på veg gjennom Bømlafjordtunnelen tysdag morgon. Det tok nesten to timar å få han ut. Foto: PER EGIL LARSEN/ARKIV

Trailer måtte ha hjelp ut av tunnelen

Fekk problem då han skulle opp mot Stord tysdag morgon.

Klokka 04.40 tysdag morgon fekk politiet melding om at ein trailer hadde problem på veg opp Bømlafjordtunnelen i retning Stord.

– Det vart meldt om varmgang i eit dekk, og at traileren hadde behov for assistanse frå bergingsbil, seier vaktsjef i Sør Vest Politidistrikt Haugesund, Mads Hinderaker til Sunnhordland.

Ifølgje Hinderaker oppstod det ein del trafikale problem i samband med trailerstansen, og eitt køyrefelt vart stengt.

– Først rundt klokka 7 var traileren ute av tunnelen, seier Hinderaker.