Fyll og bråk: Politiet på Stord måtte rykkja ut til to utestader grunna bråk seint laurdag kveld. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Tre fulle menn

Dårleg stemning blant «godt skjenkte menn».

Like før klokka 23.30 natt til søndag blir politiet kontakta av ein utestad i Leirvik sentrum. Meldinga går ut på at tre menn, som i politiet sin logg blir beskrivne som «godt skjenkte», blei nekta vidare servering - og blei i staden bedne om å forlata staden. Dette skal dei ha likt dårleg.

– For å gjera ein lang historie kort så enda det med at den eine i følgjet, ein mann i slutten av 30-åra, fekk pålegg frå politiet om å forlata sentrum, og gå heim. Dei to andre oppførte seg greitt, og forlèt staden utan noko pålegg, opplyser vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon.

Eit par timar tidlegare, klokka 21.25, måtte politiet òg rykkja ut til ein utestad i Leirvik, på bakgrunn av det som skal ha vore ein kranglevoren gjest. Men då politiet kjem til staden, har gjesten gått frå staden.

Løvereide understrekar at det har vore ei relativt roleg helg på byen på Stord, med totalt sett lite bråk.