KARANTENEBROT: Politiet på Stord har skrive ut tre førelegg på 20.000 kroner til utanlandske arbeidarar som har brote karantenereglane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Tre menn på Stord må ut med 20.000 etter brot på karantenereglar

Blei observert på veg ut av drosje.

Politipatruljen på Stord observerte tre utanlandske arbeidarar på veg ut frå ein drosje utanfor ein brakkerigg på Stord tysdag kveld.

Vedtok førelegg

Dette er brakker der utanlandske arbeidarar frå leverandørbedrifter tilbringer karantenetida før dei skal starta på jobb for Kværner. Arbeidarane skal vera i karantene i ti dagar før dei kan forlata leiren, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

– Etterforskinga viste at desse tre personane hadde brote karanteneavgjerda, og har no fått kvart sitt førelegg på 20.000 kroner. Alle har vedteke førelegget. Kværner har vore samarbeidsvillige i samband med etterforskinga, seier påtaleansvarleg Sidsel Tunestveit i pressemeldinga.

Tunestveit legg til at konsekvensen vidare er at utlendingsmyndigheitene vil vurdera om dei tre personane skal bortvisast eller utvisast.

Alle dei tre bøtelagde er menn. Ein av dei er i 30-åra, medan dei to andre er i 50-åra. Dei kom til Norge frå Storbritannia fredag 6. november, opplyser politiet.

Les også
Politiet: – Bøtelagte arbeidarar på Stord var på pub

Vist bort frå Norge

Sør-Vest politidistrikt har også bøtelagt og utvist ei russisk kvinne i Stavanger.

I førre veke skal politiet ha oppsøkt eit leilegheitshotell i Stavanger etter informasjon om at ei russisk kvinne i 30-åra oppheldt seg der, etter å ha komme til Norge på falske premiss. Kvinna skal ha opplyst at ho hadde komme til Oslo 23. oktober, men overheldt karantenebestemmelsane før ho reiste vidare til Stavanger.

– Etterforskinga viste at kvinna hadde opphalde seg på ulike adresser i Oslo, Kristiansand og Stavanger i løpet av karanteneperioden. Ho hadde også i dette tidsrommet vore i fysisk kontakt med fleire personar, forklarer påtaleansvarleg Kjetil G. Solhaug.

Kvinna har vedteke eit førelegg på 20.000 kroner, og er også utvist av Norge.

Tenåring fekk førelegg

Tysdag kom politiet i kontakt med ein 19 år gammal utanlandsk statsborgar i samband med eit narkotikalovbrot i Haugesund. Vedkommande skal ha opplyst at han hadde komme frå Storbritannia torsdag 5. november.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen har ikkje overhalde karanteneplikta, og har opphalde seg hos fleire ulike personar sidan han kom til Norge. Vedkommande har fått eit førelegg på 20.000 kroner for brot på karantenebestemmelsane, og har vedtatt førelegget, opplyser påtaleansvarleg Tonje Leirgulen Ravndal.

19-åringen er vist bort frå landet.

Strengare tilnærming

I samband med potensielle brot på smittevernlova vil politiet framleis ha fokus på råd og rettleiing, men praktisera ei strengare tilnærming, melder Sør-Vest politidistrikt.

Personar som kjem til Norge skal etter smittevernloven paragraf 7, jamfør covid-19-forskrifta, opphalda seg i karantene i 10 dagar. Dette inneber at ein skal opphalda seg i eigen heim, eller på annan eigna opphaldsstad. Personen kan berre opphalda seg utanfor heimen eller opphaldsstaden viss nærkontakt med andre enn dei personane som vedkommande bur saman med vert unngått.

Les også
Kværner: – Har nulltoleranse for brot på reglar