PÅGANG: Måndag blei 118 personar testa ved korona-sentralen på Heiane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Tre nye koronasmitta på Stord – totalt 11 tilfelle siste døgnet

Stord er no oppe i 73 smittetilfelle.

Tysdag ettermiddag melder kommunen om tre nye tilfelle av covid-19:

* Ein 21 år gammal mann skal ha lette symptom. Vedkommande høyrer til det kommunen omtalar som «ungdomsgruppa».

* Ein 20 år gammal mann, som også høyrer til «ungdomsgruppa», har lette symptom. Sporing går føre seg hos desse.

* Ein 54 år gammal mann har testa positivt på korona, som forventa, som nærkontakt. Vedkommande høyrer til Leirvik AS.

Les også
Koronapasient på Stord er utskriven

Tidlegare i dag meldte kommunen om fire nye smittetilfelle knytt til innleigde arbeidarar frå Polen. Dei skal ha blitt testa ved ankomst til Kværner søndag. Alle fire er isolerte i karanteneleir på Heiane.

Også Fitjar kommune har meldt om smittetilfelle tysdag. For første gong sidan april har det blitt påvist covid-19 i kommunen.

– Personen er blitt smitta under opphald utanfor kommunen. Det er gjennomført smittesporing, og kartlegginga tyder på at smitten er under kontroll. Vedkommande som er smitta er sett i isolasjon og nærkontaktane er i karantene, skriv Fitjar kommunen i ei pressemelding.

Les også
Koronalegen: – Har du no litt snue eller kløe i halsen? Hald deg heime