Korona: Tre arbeidarar har fått påvist koronasmitte. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Tre nye smittetilfelle på Stord

Utanlandske arbeidarar har testa positivt for koronavirus.

Måndag blei det klart at tre utanlandske arbeidarar ved Kværner Stord har testa positivt for covid-19.

– Dei var utan symptom ved ankomst og testing kvelden før, og er no isolerte. Karantene held fram for dei andre medan sporing av nærkontaktar vert gjort. Dei har altså ikkje vore i arbeid sidan dei kom, skriv Stord kommune på sine heimesider.

Dei tre skal ikkje vera alvorleg sjuke.

Totalt 17 personar på Stord har no fått påvist koronasmitte sidan pandemien starta. Ved utgangen av veke 38 hadde 2.493 personar blitt testa ved Blåbygget i Sagvåg.

Samstundes opprettheld kommunen sitt reiseråd når det gjeld Bergen, med bakgrunn i smittesituasjonen der.

– Stord kommune oppmodar innbyggjarane om å utsetja reiser til Bergen, som ikkje er sterkt naudsynte, inntil vidare. Det gjeld vitjing og fritidsreiser, men og arbeidsoppdrag som kan løysast på annan måte. Dette gjeld så lenge Bergen held oppe sine særskilde lokale restriksjonar, skriv kommunen.

Kommunelege Lars Helge Sørheim viser førebels til Kværner Stord for meir informasjon.

– Utover det som står på nettsida til kommunen har eg ikkje fleire opplysningar, det er Kværner si sak, seier han.

Sunnhordland kjem tilbake med meir.