Trevelt: Ein husstand i Leirvik-området mista straumen seint laurdag kveld, då eit tre velta over straumleidninga inn til huset. Dette arkivbiletet er frå eit trevelt på Rommetveit for nokre år sidan. Foto: Arkiv

Tre tok straumen

Mørkt ved leggjetid.

I 23-tida laurdag kveld blei ein husstand i Leirvik-området mørklagd, då eit tre skal ha blese over straumleidninga inn til huset. Politiet blei også varsla i saka.

Det bles ganske kraftig i regionen på dette tidspunktet.

Netteigar sendte ut folk for å ta affære med saken, får Sunnhordland opplyst frå operasjonsleiar Kari Rørtveit ved Sørvest politidistrikt.