Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H).
Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H). Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV

Trekkjer seg etter konflikt med eigen varaordførar

Avtroppande Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) fortel at han gjev seg på grunn av personkonflikt med varaordførar Hans Inge Myrvold (Sp).

– Det er varaordføraren min som er den viktigaste årsaka til at eg ikkje stiller til attval, seier han tilNRK Hordaland.

Nyheita om at Sjo Slettebøtrekkjer seg som ordførarkandidat for Kvinnherad Høgre, slo ned som lyn frå klår himmel då den vart offentleggjort i starten av juni.Det politiske miljøet i Sunnhordland var i sjokk over Høgre-politikaren si avgjerd.

– Gjennom desse fire åra som ordførar har eg aldri fått ein ubehageleg telefon eller melding av ein innbyggjar. Det eg har blitt sliten av er det politiske spelet, det eg blir gjeve av motiv, sa han til Sunnhordland då saka vart kjend.

Bakgrunn:Trekkjer seg som ordførarkandidat

Både i NRK ogKvinnheringen snakkar no Sjo Slettebø ut om nokre av årsakene til at han ikkje vil halda fram som ordførar. Han beskriv eit politisk klima som har vorte for tøft, og eit problematisk samarbeid med eigen varaordførar.

Varaordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold (Sp). Her frå eit debattmøte.
Varaordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold (Sp). Her frå eit debattmøte. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

– Eg har opplevd at me har hatt et godt samarbeid, hatt fortrulege samtaler og blitt einige om korleis saker skal løysast, før eg har fått krass kritikk av den same varaordføraren utan at eg har vore budd på det, uttaler Sjo Slettebø til NRK.

Mellom anna den såkallarådmann-saka vert trekt fram som døme.

– Den var krevjande, men me kom oss gjennom. Men det har forsterka seg sidan den gongen. Det er den siste delen av perioden som har gjort at eg tok dette valet, forklarte Sjo Slettebøtil Sunnhordland i juni.

Varaordførar Myrvold avviser skuldingane og er skuffa over kritikken.

– Eg kjenner meg ikkje att i påstandane. I dei sakene me har vore ueinige i, har eg vore tydeleg overfor ordføraren om kor stor avstanden har vore, seier han til NRK.

– Eg opplever at eg og Slettebø har utført samarbeidet rundt pliktene våre for kommunestyret på ein god måte, seier Myrvold til Kvinnheringen.