annonse

Trekkjer seg som ordførarkandidat

ORDFØRAREN
ORDFØRAREN: Peder Sjo Slettebø trekkjer seg som ordførarkandidat for Kvinnherad Høgre. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

Peder Sjo Slettebø vil likevel ikkje stilla som Høgre sin ordførarkandidat i Kvinnherad.

Ingvild Siglen Berger

Det var heilt på tampen av formannskapsmøtet i Kvinnherad torsdag kveld, at Slettebø kunngjorde avgjersla. Det skriv Kvinnheringen.

Då gjorde han det klart at han uansett valresultat til hausten takkar av som ordførar.

Les også: Det politiske miljøet er i sjokk over Slettebø si avgjerd

I ein avskilstale til formannskapet skal Slettebø ha sagt at det har vore eit privilegium å vera ordførar, samstundes som han peika på krevjande saker i seinare tid, og at han har fått personleg kritikk for vurderingar og vedtak som er fatta.

– Siste del av perioden har dette forsterka seg. Det har vorte stilt alvorlege spørsmål ved motiva mine, framgangsmåtane mine og handlingane mine. Det har vidare vore stilt spørsmål ved kva verkemiddel eg nyttar, og til og med også ved mitt demokratiske sinnelag. Med dette er integriteten min blitt trekt i tvil. Det kan eg ikkje leva med, sa Slettebø ifølgje Kvinnheringen.

– Eg kjenner meg heller ikkje att i det som blir sagt om meg når eg ikkje er til stades. Eg konstaterer at eg ikkje lenger framstår som ein samlande ordførar for Kvinnherad, uttalte Slettebø.

Les også: Skal samlast over helga for å finna ny ordførarkandidat 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut