Podkast: Jan Roar Hovland på besøk i studio hos Stordpodden-programleiar Kjetil Fyllingen. Foto: Kjetil Fyllingen

Trenaren gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

I Stordpodden denne veka får du møta Jan Roar Hovland (37).

Seks dagar i veka trener Hovland unge turnarar for Stord Turn, i gruppa Stord Apparatturn. Kanskje er han Stord sitt svar på Gjert Ingebrigtsen?

– Det er eit stort ansvar å leva opp til, eg er vel ikkje heilt der endå. Men kven veit, kva framtida vil bringa får me berre sjå. Det er jo ei ære å bli kalla det, men me får sjå, ler han.

Sjå eit lite glimt frå trening med Stord Apparatturn her:

I den nye podkast-episoden deler Hovland sine fem beste tips til foreldre som ønskjer å leggja til rette for at born skal oppleva meistring i idrett.

– Om ein tenkjer på at dei skal starta med idrett, så ser ungane sjølvsagt opp til oss foreldre. Viss me kan vera litt aktive sjølv, saman med ungane, så trur eg det er gull verdt, seier han.

Episoden kan du spela av her:

Eller i Spotify her:

I tillegg finn du Stordpodden i Apple Podcasts her, og elles ei oversikt over andre avspelingsmogelegheiter her.

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

Artikkelen held fram under annonsen.

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Magdalena From Delis om dansen og oppveksten

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Les også
– Dansen har alltid vore mitt språk