Slik ser det ut ertter at nokon har teke seg til rette i grvrøysa på Rimsvarden i Fitjar.
Slik ser det ut ertter at nokon har teke seg til rette i grvrøysa på Rimsvarden i Fitjar. Foto: Harald Rydland

Ulovleg graving i freda gravrøys

Melder saka til politiet.

Kulturkontoret i Fitjar har fått melding om at det er vorte grave eit hol i ned i gravrøysa på Rimsvarden på Fitjar.

– Dersom nokon har sett slik aktivitet, eller dersom nokon ser at det vert grave der i framtida ber ein om å melda frå til Fitjar kommune. Gravrøysa på Rimsvarden er eit freda fornminne, som er underlagt kulturminnelova. Slike inngrep i eit freda kulturminne er strengt forbode, og kan verta straffa med fengsel og strenge bøter. Det er berre nokre få år sidan dette skjedde sist og me er svært opptekne av at det ikkje skjer igjen. Tilhøvet vert politianmeldt og følgd opp av arkeologar frå Hordaland fylkeskommune, skriv Fitjar kommune i ei pressemelding.