Sørvest politidistrikt melder at pasienten vert flydd til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Mann i 60-åra til Haukeland med luftambulanse

Måndag formiddag melder politiet at det har skjedd ei ulukke på Eldøyane.

– Ein person har falt ned frå lasteplanet på eit køyretøy. Ukjent skadeomfang, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Naudetatane fekk melding om hendinga klokka 09.45. Ambulanse og politi rykte ut til staden.

– Me fekk informasjon om ein person funnen bevisstlaus på bakken. Det er to ambulansar på staden som jobbar med HLR, seier innsatsleiar på staden, Alexander Mathieson, til Sunnhordland.

Klokka 10.13 melde politiet at luftambulansen hadde landa, og like etter klokka 10.30 vart pasienten flydd til Haukeland universitetssjukehus.

Både politi og ambulanse rykte ut til Eldøyane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Innsatsleiar Mathieson opplyser at pasienten er ein mann i 60-åra frå Litauen.

– No tek me åstadundersøking rundt lastebilen. Me har teke vitneavhøyr, og vil fortsetja med vidare etterforsking, seier han til Sunnhordland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidstilsynet er varsla, og hendingsgangen er framleis uavklart.

– Usikkert om det er sjukdomstilfelle eller om det er eit arbeidsuhell. Skadeomfanget er uavklart. Har ikkje fleire opplysningar på det noverande tidspunktet, melder politiet.