Politi: Fire personar i slutten av tenåra er meldt for å ha rusa seg på hasj. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Ungdommar meldt for hasjbruk

Fire tenåringar erkjente bruk av narkotika.

Natt til fredag trefte politiet på Stord på fire personar i slutten av tenåra, som stod fram som rusa.

Sørvest politidistrikt skriv på Twitter at alle fire erkjente bruk og er politimeldt.

– Dette er personar på 18-19 år, seier vaktsjef Emma Audunsdottir hos Haugesund politistasjon.

Ho fortel at det er snakk om hasj, og at politiet trefte på ungdommane i Rommetveit-området. Dette skjedde klokka 00.51.

Les også
Dunsta alkohol av bilsjåfør