Moped: Ein tenåringsgut på ein uregistrert moped utan lys blei stoppa av politiet på Bømlo seint fredag kveld. Illustrasjonsfoto

Uregistrert og utan lys

Oppretta sak.

Klokka 23.55 fredag kveld blei ein uregistrert moped utan lys stoppa av ein politipatrulje på Bremnesvegen på Bømlo.

Føraren var ein 16 år gammal gut. Ungdommen blei henta av føresette og det blei oppretta sak på forholdet, melder Sørvest politidistrikt på Twitter.