Ein mann køyrde av vegen i Vestlivegen på Stord.
Ein mann køyrde av vegen i Vestlivegen på Stord. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

Utforkøyring på Ådland

Gjekk fint med føraren.

Fredag kveld køyrde ein 18 år gamal mann av vegen i Vestilevegen på Stord.

Føraren vart køyrd til legevakta for sjekk, skriv politiet på Twitter.

Gjekk bra

Sunnhordland har vore i kontakt med 18-åringen, som kom uskada frå hendinga.

– Det går heilt fint med meg, seier han om lag to timar etter hendinga.

Dårlege dekk

Utforkøyringa skuldast slitasje på dekka, ifølgje føraren.

– Høyre forhjul svingte medan eg var i ein sving. Deretter traff understellet asfalten, slik at eg mista kontroll på bilen, før eg hamna i fjellveggen.

Truleg bremsa

Sjølv hugsar han ikkje i detaljar kva som hende då det gjekk gale.

– Eg trur eg har bremsa ned før eg traff fjellveggen. Elles hadde det nok gått mykje verre, vedgår han.

Stord: Kl. 2030: Trafikkuhell i Vestlivegen. Mannlig bilfører 18 år har kjørt av vegen. Bilfører er kjørt til legevakt for sjekk.

— SVPD ops - Haugesund (@HaugSunnOps)August 11, 2017