Utøvde vald mot ektefellen
Mann i 50 åra arrestert.
Søndag kveld rykte politiet på Stord ut etter meldingar om vald i ein heim.
– Ein mann vart arrestert for vald mot ektefellen sin. Detaljar rundt hendinga ønskjer me ikkje gå inn på, men det skal ikkje vera snakk om alvorleg personskade, seier vaktsjef Håkon Thornes ved Haugesund politistasjon.
Mannen som vart arrestert er i 50-åra, og skal vera ein kjenning av politiet frå før av.