UTSETT: Statsminister Erna Solberg (H) på ein tidlegare pressekonferanse om gjenopninga av Noreg. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Utset trinn fire i gjenopningsplanen

Regjeringa vil venta med det siste trinnet i gjenopningsplanen sin. Uvisse om deltavarianten av koronaviruset er årsaka.

Det vart klart på ein pressekonferanse om koronasituasjonen og gjenopninga måndag ettermiddag. Allereie førre veke åtvara helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) om at trinn fire kunne bli utsett.

På trinn fire i gjenopningsplanen kan mellom anna universitet og høgskular for det meste gå tilbake til fysisk undervisning, breiddeidretten kan halda på stort sett som normalt, kravet om bordservering blir oppheva, og fleire personar kan vera til stades på arrangement.

Det vil framleis vera ein del generelle smitteverntiltak, og det kan òg vera aktuelt med innreiserestriksjonar.

Regjeringa har planar om å tilby 16- og 17-åringane koronavaksine etter at alle over 18 år er fullvaksinerte.

Les også
Slik er status for smittesporinga i Fitjar

Ei endeleg avgjerd om dette skal takast i september, opplyser regjeringa.

Folkehelseinstituttet tilrår at 16- og 17- åringane får tilbod om koronavaksine etter at alle over 18 år er fullvaksinerte.

Alle arbeidsreisande som er omfatta av EØS-regelverket, får saman med arbeidsreisande EØS-borgarar frå grøne tredjeland reisa inn i Noreg etter nye lettar.

I tillegg blir restriksjonane letta på for familiar, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Fram til no har det vore krav om at slektningar i nedstigande linje måtte vera under 21 år, slik at vaksne barn ikkje fekk besøkja foreldre. I tillegg får no ektefellar og barn av arbeidsreisande EØS-borgarar tilgang til landet.

Nøyaktig dato for desse lettane er førebels ikkje sett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Desse får vaksine på Stord kommande veker