Politiske møter: Dei to neste vekene vil det ikkje blir gjennomført politiske møter i Stord kommune. Her frå utval for plan og utvikling i haust. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Utset alle politiske møte

Stord kommune melder at det ikkje vil bli gjennomført politiske møte dei neste to vekene - veke 12 og 13.

Politisk og administrativ leiing vil den næraste tida prioritera å følgja opp situasjonen kring koronaviruset, skriv dei.

Dei oppsette møta som vert utset er:

> Formannskapet 18. mars

> Driftsutvalet / Arbeidsgjevarutvalet 18. mars

> Trepartssamarbeidet 18. mars

Les også
Kommunetilsette får fleire eigenmeldingsdagar
Les også
Nokon får tilbod: – Begge foreldra må ha samfunnskritiske roller
Les også
Frå fredag vil pasientar bli korona-testa ved denne vogna