Politi: Det har vore ei roleg natt for politiet i distriktet. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Uvanleg roleg for politiet: – Folk tek det på alvor

Heile landet er i ein uvanleg situasjon i høve kampen mot koronaviruset. Det merkar politiet godt.

– Mange av serverings- og utestadane er stengde. I Haugesund har me hatt eit par oppdrag på nokre festar, men elles lite. Me håpar folk tek omsyn til alle og ikkje arrangerer større festar. Det verkar som folk tek det på alvor og tek omsyn, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef hos Haugesund politistasjon.

Les også
Utestadane tek restriksjonane på alvor og avlyser

I Sunnhordland har det vore svært roleg fredag kveld og natt til laurdag, forutan eit bål som skapte bekymring ved Breivik fredag kveld og ei viltpåkøyrsel.

Politiet er også blant dei som no har stengt lokala sine for publikum, for å hindre smitte. Ikkje-kritiske publikumstenester, som krev fysisk oppmøte, stengjer frå og med fredag 13. mars til og med torsdag 26. mars. Perioden kan forlengjast ved behov.

– Tenestene som vert omfatta av tiltaket er pass, naudpass, levering av melding, hittegods, avtalar som omhandlar opphald og utlendingstenesta, våpen, Namsmannen og Forliksrådet, opplyser politiet i ei pressemelding.

Les også
Sommarrevyen er Bakeriet Frugård sin gullkalv. Nett no heng han i ein tynn tråd
Les også
Stort bål skapte bekymring - politi og brannvesen rykte ut