Uvedkommande gjorde hærverk og stal nøklar
– Dette er berre trist, seier Ellinor Austad Bergesen, dagleg leiar av Fitjar frivilligsentral.
Denne veka har uvedkommande øydelagt nøkkelboksen til Fitjar kultur- og idrettsbygg (FKIB). Og nøklane som var i den, er borte.
– Om nokon har nøklane og angrar på at dei har teke dei, kan vedkommande få lov å levera dei tilbake anonymt til underteikna eller til dagleg leiar for Fitjar kultur- og idrettsbygg, Ole Bergesen, seier Austad Bergesen i ei pressemelding.
Ifølgje ho er dette tredje gang nøkkelboksen er blitt øydelagt.
– Fitjar kultur- og idrettsbygg er husrom for eit stort og viktig fritidstilbod i Fitjar, og me ønskjer så inderleg at ting skal kunna få lov å vera i fred, utan at nokon øydelegg denne mogelegheita for oss, spesielt i denne litt spesielle tida med pandemi som herjar verda, seier leiaren for frivilligsentralen.
Det er dei frivillige tilsynsvaktene ved FKIB som vanlegvis har tilgang til nøkkelboksen, for å komma seg inn og ha vaktene sine. Frivilligsentralen koordinerer denne ordninga.
– Om det er nokon der ute som har nøklane, er me glade for å få dei tilbake. Vaktene er avhengige av nøklane for å låsa opp garderobar, idrettshall og andre viktige rom. Me ønskjer ikkje uvedkommande inn i bygget og gjer samstundes merksam på at forholdsreglar er teke, så det er lite interessante verdiar å henta her no. I tillegg vil ein halda eit ekstra auge med huset framover, seier Aust Bergesen.
Forholdet blei politimeldt fredag. Hærverket har skjedd mellom tysdag kveld og torsdag morgon.
– Dette er berre trist, men me har kanskje håp om å få nøklane tilbake.