FULLT: Området utanfor idrettshallane var fullt i bilar torsdag formiddag. Foto: Kjetil Østrem

Vaksine-trykk førte til trafikkaos på Vikahaugane

Bad om hjelp frå politiet.

Torsdag og fredag denne veka er det mogelegheit for å ta influensavaksine i Nyehallen på Vikahaugane.

Klokka 10.23 fekk politiet melding om trafikkaos i området i samband med vaksinasjonen.

– Det blei bede om hjelp frå politiet til å få kontroll på kaoset, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Les også
Klagestorm etter parkeringskaos

Ein patrulje blei send til staden, også brannvesenet har hjelpt med dirigering. Klokka 11.19 var kaoset løyst opp, ifølgje politiet.

Det er personar med risikosjukdom som blir tilrådd vaksinen, i tillegg til gravide i 2. og 3. trimester, pluss personar over 65 år. Vaksinasjonen går føre seg til ulike gjevne tidspunkt ut ifrå kva fødselsmånad ein har, som har blitt annonsert.

POLITIET MÅTTE TRØ TIL: Torsdag var det trafikkaos utanfor idrettshallen i samband med at svært mange ville ta influensavaksine. Foto: Kjetil Østrem